Sigrid Moldestad

Foto: Magnus Skrede

Teeming with energy, wit and musical intellect, fiddler and singer Sigrid Moldestad always leaves her audience and listeners hunger for more. Her music simmers with liveliness in one minute, unexpectedly changing to a melancholic state in the next.

Appointed folk musician of the year in 2010, she is by far one of Norway’s most requested folk music artists. Her repertoire holds a large variety of songs and tunes, all delightfully conveyed through Moldestad’s magical music universe.

In her latest project, she tells stories about lived lives, new life and the feeling of uneasiness and restlessness, joined by Sigbjørn Apeland (harmonium), Jørgen Sandvik (guitar, banjo, mandolin) and Anders Hall (fiddle, viola, Hardanger fiddle).

Sigrid played Norwegian festivals summer 2011 and also visited the Tønderfestival in Denmark with great success.  Her third album “Himlen har sove bort mørkret” was released March 2012.

————————————————————————————————————-

Den er vakker, vill og var, musikken som stadig siv ut av Sigrid Moldestad sitt musikalske univers.  Felespelaren, songaren og historieforteljaren Moldestad lagar musikk som leikande lett svingar innom både blues, country, bluegrass og pop, men som likevel alltid har folkemusikk som den sterkaste komponenten.

Sigrid Moldestad har bakgrunn frå spelemannsmiljøet i Nordfjord, og seinare som utøvar i gruppene Spindel og Gamaltnymalt. Men det er som soloartist ho har markert seg dei siste åra, og i 2007 kom soloplata ”TAUS felefortellingar”; ein musikalsk hyllest til kvinnelege spelemenn frå hennar heimtrakter 150 år tilbake i tid.  Den gongen passa ikkje kvinna og fela i hop, og plata er slik ei påminning om at det ikkje alltid er slik at ein kan få utøve den musikken ein ynskjer. I dag er det ingen grunn til å lure på om Moldestad og fela passar i hop. Slageren ”Samuline” vart mellom anna omtala som ”…en av årets sterkeste låtopplevelser ” av Carl Petter Opsahl i VG, og plata vart tildelt Spellemannsprisen.

Moldestad ga ut CDen ”Sandkorn” i  2010.  Her blandar ho eigne songar med nynorske gjendiktingar av den skotske nasjonalpoeten Robert Burns (1759-1796), samt tekstar av sunnfjordpoeten Jakob Sande (1906-1967). Plata inneheld ein parade av kjærleiksviser der både det gode og det vonde i livet får plass.

I leiken med mange musikksjangrar tek Sigrid Moldestad steget litt til sida for det heilt tradisjonelle, og har laga ei personleg og mangfaldig plate saman med eit kremlag av musikarar. Ho samarbeidar fast med Sigbjørn Apeland, Anders Hall, Anders Bitustøyl og Jørgen Sandvik.

Våren 2012 lanserte Sigrid Moldestad sitt tredje album “Himlen har sove bort mørkret” til gode kritikkar.

www.sigridmoldestad.com

A teaser from the new album…. Ser deg tilbake :

From Julefolk at NRK 1, 23. December 2011:

New tune 2011 (Live from Vianvang August 2011):

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s