Categories
Aktuelt - norsk

Dei Beste Damene på tur igjen

Dei Beste Damene Foto: Geir Dokken

Anne Hytta, Synnøve Bjørset og Åse Teigland – Dei Beste Damene – strammar igjen bogehår, pussar feler og gjer seg klare for turné. Med platepris i lomma er det på tide å komme ut og spele konsertar igjen.

Konserten på Ekspedisjonen på Lofthus vert og ein del av innviing av den nye scena. Det blir spanande for både arrangørar, musikarar og publikum å få testa både akustikk og funksjon.

Ansikta bak Dei Beste Damene er Åse Teigland, Anne Hytta og Synnøve S. Bjørset, nokre av dagens fremste hardingfelespelarar. Damene formidlar eit stort mangfald av klangfargar og rytmikk, og det er tre tydelege og sterke musikalske uttrykk som kjem til syne når damene spelar slåttar med svært personleg signatur. Entusiasmen og lidenskapen for den tradisjonelle hardingfelemusikken har ført dei saman på ei scene, og publikum kan vente seg ein konsert med feit, frekk og drivande felelyd. Dei ga saman ut CDen Soli hausten 2010. Den vart heidra med folkelarmprisen i klassa for soloutgjevingar på folkelarm september 2011.

Konsertane:
14.02  Ekspedisjonen, Lofthus
15.02  Bjåen Fjellstove, Bykle
16. – 17.02  Vinterfestivalen på Rauland
18.02  Bergtun, Hjartdal
02.03 Kongsbergmarken

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s