
Foto: Magnus Skrede
Sigrid Moldestad er klar med sitt tredje soloalbum. Albumtittelen ”Himlen har sove bort mørkret” skriv seg frå ein av låtane på plata, og handlar om livshjulet som rullar og går, med eller utan oss. Sigrid bygger vidare på uttrykkja frå dei to føregåande platene, men ”Himlen har sove bort mørkret”, sprengjer endå fleire musikalske grenser. Det er musikk som leikande lett svingar innom både blues, country, bluegrass og pop, men som alltid har med seg folkemusikk som den sterkaste komponenten.
- Dette er for meg ei modig plate, med fleire eigne tekstar og låtar, og med dristigare arrangement enn tidlegare, seier Sigrid.
Konsertane:
4. mars, Ole Bull Scene, Bergen
5. mars, Bergsdalstunet, Vaksdal
7. mars, Breim kyrkje, Breim
8. mars, Riksscenen for folkemusikk, Oslo
17. mars, Sogndal kulturhus, Sogndal
18. mars, Flora Samfunnshus, Florø